
Dagen starta, som vanlig, med at Morten reiste til byen for å vera med i morgenprosesjonen.
Resten av familien kom etter og åt frokost sammen med korpset.
Det var så vidt me rakk det, for det var nokre turistar som absolutt skulle ta bilder av oss saman med tre uheldige russeguttar.

Me var innom ballongbutikken før det var oppstilling på Torgallmenningen. Helle og Marthe fann snart tonen og Helle gjekk med henne heile prosesjonen. Det er ganske langt og eg er imponert. Helle har tjuvlånt bunaden til Ylva eller Frøya, men me satsar på at dei har gløymt det når dei ein gong kjem att.

Erlend er ikkje så flink å gå som Helle, så når me passerte torget for andre gong, hadde han fått nok. Han la seg rett ned. Folk som stod langs ruta fekk seg ein liten latter der. Eg fekk han til å gå ut Strandkaien og der stod haldigvis svigerfamilien. Me hoppa av og kjøpte brus og sjokolade.

Etter rømmegraut hos svigermor, var det full rulle på Lyshovden skole. Jonas spelar i korpset der pluss at klassen hans skulle synga. Dei var veldig flinke. Pernille var storfornøyd kvar gong eg tok bilde av henne. Ho var så flott i den gamle bunaden. Me var ikkje så lenge der, for me hadde invitert Pia, Arild, Marthe og Erik på kvelds. Det er tredje gongen, så no er det definitivt tradisjon. Det var ein flott dag, men eg var heilt ødelagt mandag. 18.mai skulle vore offisiell kviledag.