tirsdag 9. juni 2009

Kan me fingermala, mamma? Please?
Fingermala i dag? Please?
Kan me, kan me?
Endelig fekk me lov.
Heldigvis vert da alltid mindre gris enn eg trur på forhånd.

Pusen ventar på eigarane sine. Han saknar nok litt kos og vert heilt galen når Helle og Erlend kjem på besøk. Han fer inn og ut dørane, og av og til må han visst bere ta seg ein spurt.







mandag 8. juni 2009

Ein dag full av tradisjonar

Tradisjonen tru, stilte me som heiagjeng under Skjærgardsrittet 2.pinsedag.
Besten ser jo som alltid uforskamma sprek ut for alderen.


Me hadde med saft og vaflar og blei ,som vanleg, ikkje ferdige med steikinga og måtte springa som galningar for å rekka pappa i Stegevika. At me aldri kan læra.
Det var ikkje så lenge å venta, men det var jo like greit.
Helle var kjempe flink å heia, når ho ikkje blei for opptatt av maten.
Erlend var meir skeptisk til heiinga. Han var meir opptatt av kor longt ut i vegen han kom med trehjulsykkelen før faren klikka i vinkel. Det var heldigvis ikkje langt.
Berre fem minutt etter besten kom besto. Ho såg sprek og glad ut. Etter litt vaffel, trødde ho fornøyd videre. Me tusla nordover dalen og held på frysa i hjel. Tradisjonen tru var det sjølvsagt grisekald nordavind. Me gjekk opp på brua for å sjå etter onkel Tore.
Etter ei stund trudde me kanskje han hadde passert, men me var ikkje sikker, for det var mange som ropte og vinka til oss. Seinare fann me ut at det ikkje var han, men me risikerte å få frostskadar der me stod, så me søkte ly på terrassen og tømte kjøleskapet.
Alt i alt ei fin helg.

torsdag 21. mai 2009

17.mai moro

Rusjebane med bølge


Bli ferdige, då


Sjølvportrett




onsdag 20. mai 2009

17.mai

Dagen starta, som vanlig, med at Morten reiste til byen for å vera med i morgenprosesjonen.
Resten av familien kom etter og åt frokost sammen med korpset.
Det var så vidt me rakk det, for det var nokre turistar som absolutt skulle ta bilder av oss saman med tre uheldige russeguttar.

Me var innom ballongbutikken før det var oppstilling på Torgallmenningen. Helle og Marthe fann snart tonen og Helle gjekk med henne heile prosesjonen. Det er ganske langt og eg er imponert. Helle har tjuvlånt bunaden til Ylva eller Frøya, men me satsar på at dei har gløymt det når dei ein gong kjem att.

Erlend er ikkje så flink å gå som Helle, så når me passerte torget for andre gong, hadde han fått nok. Han la seg rett ned. Folk som stod langs ruta fekk seg ein liten latter der. Eg fekk han til å gå ut Strandkaien og der stod haldigvis svigerfamilien. Me hoppa av og kjøpte brus og sjokolade.


Etter rømmegraut hos svigermor, var det full rulle på Lyshovden skole. Jonas spelar i korpset der pluss at klassen hans skulle synga. Dei var veldig flinke. Pernille var storfornøyd kvar gong eg tok bilde av henne. Ho var så flott i den gamle bunaden. Me var ikkje så lenge der, for me hadde invitert Pia, Arild, Marthe og Erik på kvelds. Det er tredje gongen, så no er det definitivt tradisjon. Det var ein flott dag, men eg var heilt ødelagt mandag. 18.mai skulle vore offisiell kviledag.

mandag 20. april 2009

søndagstur

I strålande sol fann me vegen til Fjell festning.


Det var masse folk, for det vart arrangert et bakkeløp den dagen.

Gleda var stor når me kom opp og fann ut at det var ponniriding for ungane.

Det var inga bøn, kursen var sett. Helle seier ho skal gå på hesteskule når

ho vert stor, så det var stas når ho endelig fekk prøva.



Det vart kø av jenter til den vesle kviteponnien,
men me lukkast å få Erlend opp på den større brune.

Så var det kafebesøk og lappane gjekk ned på høgkant.
Erlend suste rundt og helste på folk og dyr.

Han går rett bort til folk, sleng seg om foten på dei

og spør om han kan få klappe hunden.

Det vart tid til litt klatring og, men me fekk ikkje

med oss omvisningen nede i gangane.

Det får me ta ein anna gong.

søndag 19. april 2009

Ein som er rar og ei som er god??

Helle og Martine på moloen

Erlend fekk litt pengar til bursdagen og eg tenkte me skulle gå på lekebutikken og bruka dei på lego. Lego er jo spennande og utviklande. Me hadde råd til ein større pakke. Helle er flink og ryddar rommet for tida og får litt ukepengar. Ho hadde spart desse og ville vera med og kjøpa nåke fint. Eg drog Erlend bort til legohylla og me såg på alt detta fina me kunne kjøpa, men han hadde litt vanskelig for å bestemma seg. Eg tok for meg Helle og fekk ho til å bestemma seg. Ho ville ha brats-dokka. Erlend ville ikkje bestemma seg og eg fann ut at me kunne ta legoen ein anna dag. Når Erlend ser kva Helle har funne vil jo han og ha, og eg huskar kommentaren når eg kom heim med barbie til Helle og cowboy og indianarar til Erlend frå London; "Mamma, hvor e min barbie då?"
Dei lekte masse med dei i påska, begge to strålande fornøyde, og me kom jo ganske rimelig frå det.

Er det rart han vert litt løyen?

Morten sin korpsuniform.

søndag 22. mars 2009

Tur på Vik

Ut på tur, aldri sur.


Besto og besten har fått nytt gelender på terassen.
Blei veldig fint.


Katten er valdig glad når ho får litt kos og når ho får vera med på tur.



Endelig ro og fred. Dei har jobba hardt heile dagen.