Helle og Martine på moloen

Erlend fekk litt pengar til bursdagen og eg tenkte me skulle gå på lekebutikken og bruka dei på lego. Lego er jo spennande og utviklande. Me hadde råd til ein større pakke. Helle er flink og ryddar rommet for tida og får litt ukepengar. Ho hadde spart desse og ville vera med og kjøpa nåke fint. Eg drog Erlend bort til legohylla og me såg på alt detta fina me kunne kjøpa, men han hadde litt vanskelig for å bestemma seg. Eg tok for meg Helle og fekk ho til å bestemma seg. Ho ville ha brats-dokka. Erlend ville ikkje bestemma seg og eg fann ut at me kunne ta legoen ein anna dag. Når Erlend ser kva Helle har funne vil jo han og ha, og eg huskar kommentaren når eg kom heim med barbie til Helle og cowboy og indianarar til Erlend frå London; "Mamma, hvor e min barbie då?"
Dei lekte masse med dei i påska, begge to strålande fornøyde, og me kom jo ganske rimelig frå det.
Er det rart han vert litt løyen?
Morten sin korpsuniform.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar