mandag 20. april 2009

søndagstur

I strålande sol fann me vegen til Fjell festning.


Det var masse folk, for det vart arrangert et bakkeløp den dagen.

Gleda var stor når me kom opp og fann ut at det var ponniriding for ungane.

Det var inga bøn, kursen var sett. Helle seier ho skal gå på hesteskule når

ho vert stor, så det var stas når ho endelig fekk prøva.



Det vart kø av jenter til den vesle kviteponnien,
men me lukkast å få Erlend opp på den større brune.

Så var det kafebesøk og lappane gjekk ned på høgkant.
Erlend suste rundt og helste på folk og dyr.

Han går rett bort til folk, sleng seg om foten på dei

og spør om han kan få klappe hunden.

Det vart tid til litt klatring og, men me fekk ikkje

med oss omvisningen nede i gangane.

Det får me ta ein anna gong.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar