mandag 8. juni 2009

Ein dag full av tradisjonar

Tradisjonen tru, stilte me som heiagjeng under Skjærgardsrittet 2.pinsedag.
Besten ser jo som alltid uforskamma sprek ut for alderen.


Me hadde med saft og vaflar og blei ,som vanleg, ikkje ferdige med steikinga og måtte springa som galningar for å rekka pappa i Stegevika. At me aldri kan læra.
Det var ikkje så lenge å venta, men det var jo like greit.
Helle var kjempe flink å heia, når ho ikkje blei for opptatt av maten.
Erlend var meir skeptisk til heiinga. Han var meir opptatt av kor longt ut i vegen han kom med trehjulsykkelen før faren klikka i vinkel. Det var heldigvis ikkje langt.
Berre fem minutt etter besten kom besto. Ho såg sprek og glad ut. Etter litt vaffel, trødde ho fornøyd videre. Me tusla nordover dalen og held på frysa i hjel. Tradisjonen tru var det sjølvsagt grisekald nordavind. Me gjekk opp på brua for å sjå etter onkel Tore.
Etter ei stund trudde me kanskje han hadde passert, men me var ikkje sikker, for det var mange som ropte og vinka til oss. Seinare fann me ut at det ikkje var han, men me risikerte å få frostskadar der me stod, så me søkte ly på terrassen og tømte kjøleskapet.
Alt i alt ei fin helg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar