torsdag 5. mars 2009

Heime hos oss


Elles går det mykje i lego,for store og små.

Helle e alltid like klar for fotografering.

På lørdag hadde eg og Helle jentetur til byn.
Me tok bussen ned, for det er jo stas i seg sjølv. Me såg på klede,
skreiv kort,

og tussa oss litt.Helle var veldig grei og tolmodig,

men då me hadde dagens tredje kafebesøk,

og dagens andre is, så bikka det litt over,

men det er lov.


tirsdag 17. februar 2009

Det er no jammen fint på hytta om vinteren og.






tirsdag 10. februar 2009

Endelig fann me fotoapparatet

Eg og Helle i farta lørdag formiddag før Helle og Erlend...
...reiste til Vik......til bestane og ein galen pus.

Eg og Morten reiste til bydn og hørte på brass NM, før me koste oss på restaurant med god mat og endå betre drikke. Herlig med barnevakt berre på gøy.




fredag 6. februar 2009

Masse snø

Her er det full vinter. Alle ungane her er masse ute og lekar. Erlend var heilt i hundre på onsdag. Det hadde så vidt snødd, så trappa var kvit når me skulle til barnehagen. "Mamma, mamma. Vi må ha akebrettet." Det fortsatte å snø heile dagen, så det blei litt av det. Det skal halda seg kaldt ei stund, så me nyt kvar dag.

onsdag 21. januar 2009

Nyttårsforsetta i dass allerede

I år skulle eg vera flink på nettet. Eg skulle skriva mail først og finna dustete spel å verta avhengig av etterpå. "Skal bere ta ein runde med idiotballar..." vips, så har det gått ein time.

Me har jo og standarden "i år skal me trena". Gjeld både meg og mannen. Dårlig med det og. Eg skal begynna når det vert varmare og kjekkare å gå opp fjellsidene... Trur eg...

Det finns lyspunkt. I dag kom me endelig i gang med heima frisør (stakkars ungar). Morten er den einaste som slepp unna. Me vart ikkje så verst. Det mest krevande var å få Erlend til å sitja i ro. Eg måtte trua og trygla, men det gjekk uten blodspor.

mandag 5. januar 2009

Kaldt

Her er det vinter. I dagtidleg viste termometeret i bilen min 14 minus. Det var frost i vannrøra og Morten måtte i kjellaren for å få det til å renna.
Helle og Erlend fekk kjøra akebrett til barnehagen. Det var stas.
Helle har veldig lyst å reisa til Afrika og eg må seia at det frista eksta i dag. Eg hadde ein kunde i posten i dag som sende brev heim til Namibia. Han fraus og lengta heim til 30 grader, stakkars.