onsdag 21. januar 2009

Nyttårsforsetta i dass allerede

I år skulle eg vera flink på nettet. Eg skulle skriva mail først og finna dustete spel å verta avhengig av etterpå. "Skal bere ta ein runde med idiotballar..." vips, så har det gått ein time.

Me har jo og standarden "i år skal me trena". Gjeld både meg og mannen. Dårlig med det og. Eg skal begynna når det vert varmare og kjekkare å gå opp fjellsidene... Trur eg...

Det finns lyspunkt. I dag kom me endelig i gang med heima frisør (stakkars ungar). Morten er den einaste som slepp unna. Me vart ikkje så verst. Det mest krevande var å få Erlend til å sitja i ro. Eg måtte trua og trygla, men det gjekk uten blodspor.

mandag 5. januar 2009

Kaldt

Her er det vinter. I dagtidleg viste termometeret i bilen min 14 minus. Det var frost i vannrøra og Morten måtte i kjellaren for å få det til å renna.
Helle og Erlend fekk kjøra akebrett til barnehagen. Det var stas.
Helle har veldig lyst å reisa til Afrika og eg må seia at det frista eksta i dag. Eg hadde ein kunde i posten i dag som sende brev heim til Namibia. Han fraus og lengta heim til 30 grader, stakkars.

søndag 28. desember 2008

Flink no

Ha

Det var jo enkelt.
I denne bloggen skal eg fortelja alle mine store opplevingar og vise ord.
Detta vert stort!