I strålande sol fann me vegen til Fjell festning.
Gleda var stor når me kom opp og fann ut at det var ponniriding for ungane.
Det var inga bøn, kursen var sett. Helle seier ho skal gå på hesteskule når
ho vert stor, så det var stas når ho endelig fekk prøva.
men me lukkast å få Erlend opp på den større brune.
Så var det kafebesøk og lappane gjekk ned på høgkant.
Erlend suste rundt og helste på folk og dyr.
Han går rett bort til folk, sleng seg om foten på dei
og spør om han kan få klappe hunden.
Det vart tid til litt klatring og, men me fekk ikkje
med oss omvisningen nede i gangane.
Det får me ta ein anna gong.